HjemEi vogge for musikk ...

Ei vogge for musikk og sjølvstende

Tekst og bilete: Manger folkehøgskule

På Manger folkehøgskole får du utvikla talentet ditt samen med andre kreative, musikalske ungdomar og dyktige lærarar.

Manger folkehøgskule ligg idyllisk til i Alver kommune, nord for Bergen. Musikk og personleg vekst er sentralt for Musikkfolkehøgskulen på Vestlandet. Her kan du velje mellom fleire linjer og fordjupe deg i dine interesser: Brassband, Rytmisk linje, Musikk og media, Skapande skriving, Stipendiat og tilrettelagt linje med Musikk, bu og fritid.

Konsert på studietur
Håvard Pedersen (20) byrja på Brassband i fjor haust med slagverk som sitt instrument. På Brassbandlinja er fokuset ditt eit instrument og samspel, medan på andre linjer kan du fordjupe i: Artist og låtskrivar, Band, Hiphop, Musikkproduksjon, Filmmusikk, Medieproduksjon og Skriving.

– Eg var usikker på kva eg ville gjere. Ein dag kom ein lærar frå Manger folkehøgskule på besøk i skulekorpset. Då bestemte eg meg for at eg ville søkja, seier Håvard, og det har eg ikkje angra på.

Det har vore mange gode opplevingar dette skuleåret. Berre det å sitje med venner å prate i matsalen til det å få reise på studietur.  – På studietur i England og Wales hadde me konsert. Alle fire elever frå slagverk spelte saman på ein xylofon og med rektor på trommesettet. Ei veldig gøy oppleving, seier Håvard entusiastisk.

I konstant utvikling
Det faglege innhaldet i skulen endrar seg frå år til år, fortel Silje Louise Spurkeland. Ho er linjeleiar for Rytmisk linje. – Me tilpassar oss kontinuerleg til den unike elevmassen me har kvart år. Dette inneber at me stadig endrar konsepta og tilnærmingane våre, avhengig av kva elevar og kull som kjem til oss, seier ho. På Rytmisk linje kan det eine året ha meir fokuset på jazz, det neste på pop, og deretter på rock. Denne evna til å omstilla oss frå år til år held oss i konstant utvikling, seier ho og legg til at skulen har ein dyktig lærarstab som er ivrig etter å læra nytt heile tida.

SØK PLASS PÅ MANGER FOLKEHØGSKULE HER

Skulen har ein solid utstyrsspark som er tilgjengeleg for elevane store deler av døgnet, med lydisolerte bandrom, øvingsrom, fire fullverdige studio og eit studio med moglegheit for innspeling av liveband.

Min andre heim
– Folkehøgskulen har vorte min andre heim, seier Håvard. Han skal begynne som Stipendiat frå hausten. – Det gler eg meg til, seier han. Lærarar og elevar rundt deg gjer sitt best for at du skal ha eit bra år. No skal eg få bidra endå meir til at andre skal få eit vellykka år. Ikkje at det er eit problem, det er vanskeleg å ikkje kose seg her, fortel han.

Året på folkehøgskulen gav Håvard utruleg mykje. Både musikalsk og sosial lærdom, – det å verta sjølvstendig er viktig, seier han. Til slutt har Håvard eit tips til nye elevar, – Opphald deg i matsalen, då får du raskt nye venner!

Rektor, og tidlegare elev ved skulen, Viggo Bjørge er klår på at eit år på folkehøgskule er noko særs mange vil ha godt av. «Alle er ikkje klare til omfattande studier etter 13 år med intens skulegang. Det er også mange som droppar ut av vidaregåande skule. Kva om dei hadde kunne teke seg eit år på folkehøgskule før dei kjem attende til VGS? Eg er overtydd om at mange vil få eit betre studie- og arbeidsløp i tjueåra dersom dei gjev seg tid til eit modningsår. Gjere seg klar til neste fase, både når det gjeld interessa for til dømes musikk og med tanke på si eiga psykiske helse. Folkehøgskule er sunt.»

SØK PLASS PÅ MANGER FOLKEHØGSKULE HER

Besøk Norges største utdanningsmesse

Bli inspirert og finn nyttig informasjon om utdanning og karrierevalg!

Velg arrangement: