HjemRom for alle på Fjor...

Rom for alle på Fjordane folkehøgskule

Tekst og bilder: Fjordane folkehøgskule

For elevar på Fjordane folkehøgskule er det like naturleg med sagmugg og hestehår som med sjongleringsballar og teatersminke. Mangfaldet er stort på den unike skulen på Nordfjordeid, og det same er takhøgda. Her kan du føle deg heime uavhengig av om du likar vikingar, hestar eller keramikk best, om du helst vil stå på ei scene, eller om du vil vere ute ved fjord og fjell.

Friluftsliv
Nordfjord er kjend for høge fjell, lange fjordar, store bølger og mykje vêr. Med alt det beste Vestlandet kan by på rett utanfor døra, er det naturleg for alle linjene å bruke nærområdet i både undervisninga og til kortare og lengre turar. Det er noko magisk ved å lære å fotografere i måneskinn, og mat smakar sjeldan så godt som når den er laga på bål.

Berekraftig felleskap
Fjordane folkehøgskule er opptekne av berekraft og nyttar sesongbaserte lokale råvarer i maten elevane får servert. Særleg for Vikingliv-linja er sjølvberging og matauk viktige fokusområde, men alle elevane får ta del i foredling av råvarer. På Fjordane kan du for eksempel lage din eigen eplemost av nedfallsfrukt!

Musical West End
Elevane på Fjordane folkehøgskule er like mangfaldige som linjene vi tilbyr: nysirkuslinja Movement X Modern Circus & Performing Arts, Vikingliv, Bu og fritid, Kunst-foto-glas-reise, tre hestelinjer og den nystarta musikallinja Musikal West End. Alle linjene er lokalt forankra og musikallinja skal ha eit tett samarbeid med det lokale musikk- og teatermiljøet som har sitt utspring i kulturskulen, den vidaregåande skulen og miljøet i og rundt Operahuset Nordfjord.

Skulen  har engasjerte lærarar med  brei utøvande erfaring nasjonalt og internasjonalt, og i tillegg drar vi på tur til Institute For Contemporary Theatre i Brighton. Der får vi oppleve West End og scenekunstindustrien i England på nært hald, og vi får delta på workshops og bli kursa av instruktørar frå bransjen.

Internasjonalt preg
Også elevane på Noregs einaste nysirkuslinje likar å vise fram kunstane sine. Movement X – Modern Circus & Performing Arts passar for deg som likar for eksempel parcour, crossfit, stuping, styrketrening, turn eller dans – og som ønsker å vidareutvikle fysiske ferdigheiter og samstundes lære for eksempel akrobatikk, sjonglering eller balansering. Lærarane er internasjonale – som fleire av elevane.

I fjordhesten sitt rike
Dersom du i tillegg til å utfordre deg sjølv også likar hestar, er Fjordane folkehøgskule plassen for deg. Dei tre hestelinjene er tilpassa alle nivå, frå deg som har lite erfaring med hest, til deg som ønsker å ta utdanning innan hestefaget i framtida. Du kan velje mellom allround, ride- og køyresport og hest for 2. års-elevar.

Utvikling – glede – vennskap
På Fjordane folkehøgskule får du lære meir av det du likar best, rettleia av engasjerte og kunnskapsrike lærarar. Ingen dag er lik, og alt ligg til rette for aktive og sosiale dagar på skulen, i nærområdet eller på tur til utlandet.

Velkommen til Fjordane!
Send søknad til Fjordane folkehøgskule her

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om Fjordane folkehøgskule:

E-post: post@fjordane.fhs.no  
Telefon: 57889880
Heimeside | Instagram | Facebook | YouTube

Besøk Norges største utdanningsmesse

Bli inspirert og finn nyttig informasjon om utdanning og karrierevalg!

Velg arrangement: