Manger folkehøgskule er for deg som vil utvikle talentet ditt innen musikk i eit kreativt miljø. Du møter erfarne og dedikerte lærarar som dekker eit breitt fagområde.
Manger er ein frilynt folkehøgskule med rundt 60 elevplassar, og ligg på Manger i Alver kommune. Skulen har åtte ulike musikklinjer, moderne fasilitetar og lærarar med høg kompetanse. Ein liten skule med fullt fokus, store ambisjonar og mange forventningar.

Studietilbod:
- Artist og låtskrivar
- Band: Scene og studio
- Brassband
- Hiphop
- Musikk, bu og fritid
- Musikkproduksjon
- Musikk og helse
- Stipendiat

Kvifor velge Manger?
- Skulen har moderne utstyr og fasilitetar
- Du er tett på Bergen sitt kulturliv
- Liten skule – tett miljø
- Eit år med opplevingar, progresjon og læring
Opptak og søknad
Opptaket skjer på bakgrunn av søknaden din og det du skriv om motivasjon, interesse og forventningar. Send søknad i dag.
Vil du vite meir? Ta kontakt!
kontor@manger.fhs.no
Tlf: 56 34 80 70